"Kanskje dei ikkje hadde funne opp alle bokstavene enno, sa Lena etter plasket. - Sidan det er så heise lenge sidan.
Eg tymde fyrst min støvel for vatn og så Krølla sine, medan eg spurde Lena om ho hadde eit betre namn på båten. Lena svarta ikkje med det same. Eg trudde nesten ikkje ho kom på noko, men så:
- Sjark.
Noas Sjark skulle det vere, meinte Lena. Alle veit at sjark er ein båt. Ark er noko heilt anna, ark er noko ein teiknar på. Lena sukka oppgitt over dei som hadde skrive Bibelen.
- Sjarkae er ikkje akkurat så store, sa eg.
Lena rista på hovudet.
- Det var nok derfor dinosaurane døydde ut, Trille. Dei drukna. Noa hadde ikkje plass til dei."
Vaffelhjarte handlar om Trille, som eigentleg heiter Theobald Rodrik, men som vert kalla Trille. Han bur i Knert-Mathilde, leikens endelause rike, i lag med mamma og pappa, tre søsken og farfar. I nabohuset bur Lena. Trille veit at Lena er den bestevenen han sin, men han er ikkje sikker på om han er hennar. Me får følgje dei to 9-åringen i gjennom eit år frå jonsok til jonsok.
Trille kan verte så redd at hjarte dunkar så hardt at det gjere ondt. Han seier neste aldri i mot Lena og vert alltid med på dei sprø påfunna hennar. Han kan verte glad heilt ned i vesletåa. Han har ein tante-farmor som lagar dei beste vaffelhjarta i heile verda, og han er så glad i Lena at han ikkje trur han kan leve han heller om noko skulle skje med Lena.
Lena bur med Mamma. Ho har sjølvsagt ein pappa, men ho veit ikkje kven han er. Om dei hadde rydda litt i kjelleren hadde dei kanskje hatt plass til ein, men ho forstår ikkje heilt kva ein brukar dei til. Ho hatar skulen, særleg mattetimene. Ho har stadig nye påfunn som set Knert-Mathilde på hovudet. Lena er alltid skråsikker og ho har hatt hjernerysting eit hav av gonger.
Saman leiker og utforsker dei den lille vika si. Dei er til konstant hovudbry og bekymring for dei vaksne. Vel, for uten om farfar. Han tykkjer for det meste dei er morosame. Livet er meir eller mindre perfekt, men så skjer det som ikkje får skje...
Vaffelhjarte er ei lita bok om venskap, barndomsidyll og kjærleik. Den typen kjærleik som finnes mellom to vener. Ein kjærleik som er dyp og usagt. Ein treng ikkje sette ord på den kjærleiken som finnes mellom barndomsvener. Ein veit den er der. Ein himla fin bok som alle barn og vaksne bør lese (eller få lest for seg). Maria Parr får ein til å le så tårene trillar. Og Trille og Lena er to barn ein ikkje kjem til å gløyme med det fyrste.
"- Farfar, eg saknar så frykteleg, sa eg til slutt og begynte å gråte igjen.
Då såg farfar alvorleg på meg og sa at å sakne folk er den finaste triste kjensla som finst.
- Du forstår, Trille-farr, at om ein er trist fordi ein saknar eit menneske, då betyr det at ein er glad i det menneske. Og å vere glad i nokon, det er det finaste som finst. Dei vi saknar, har vi inni oss. Han slo seg på brystkssa så det small."
torsdag 28. juli 2011
mandag 25. juli 2011
A long, long time ago and essentially true
Denne boka har to parallelle handlingar som går føre seg i "gamle" og "nye" Polen. Ein mann med kallenamnet Spurven forelskar seg. Ei jente med kallenamnet Baba Yaga skildrar si oppleving av Krakow. Dette er veldig enkelt fortalt, og høyrest kanskje ikkje så spanande eller annleis ut. Men eg vil at de skal lesa boka og oppdaga handlinga sjølve. Denne boka fortener det.
Nokre minneverdige sitat:
"Anielica watched the figure disappear into the woods, the corners of her mouth creeping upward, cocking the bow that would eventually logde the arrow securely in the Pidgeon's heart."
"A woman's heart is not bought by the currency of a man's emotion for her. A woman's heart is won over by her own feelings for herself when he just happens to be around."
"'Pale chickens!' Anielica whispered, the strongest language she'd ever used."
"[The groom's] face had grown as pale and fragile as the shell of an egg. It would remain like that the entire winter, the color only returning to it (...) when his cheek felt the breath of his first child."

