tirsdag 21. februar 2012
Kjerringer av Helen Uri
I kjerringer møter me fire damer midt i livet. Dei kjeme frå ulike bakgrunner og lever ganske ulike liv. Det som knyttar dei saman er eit latinkurs. Det tar det ikkje lang tid før dei innser at dei alle har menn i livet som ikkje er så greie å ha med å gjere. Saman tar dei opp kampen mot kvardagssjovinismen. Den kåte sjefen som aldri respekter sine kvinnelege ansatte, men som ikkje har noko i mot å ta æren for deira arbeid. Menn som indirekte sørger for at menn har flest goder i firmaet. Den ansatte som via hersketeknikker og andre teknikker forsøker å sverte sin eigen sjef. Sjukeheimleiaren som meiner at døtre sjølv får ta vare på sine gamle foreldre. Hevnaksjoner vert planert og utført, med ein god dose humor. Som dei sjølv seier, dei går ikkje etter menn som hater kvinner, det får politiet gjere, nei dei går etter menn som foraktar kvinner.
Ein kan ynske det var sant, at det var ein kvinneliga der ute som gikk etter drittsekkene. Uri skal og ha ros for at ho har med Anders, som i boka vert symbolet på den gode mannen. Ikkje alle er drittsekker. Berre nokre. Dermed er det ikkje ei bok som oppmaner til mannehat. Boka kansjølvsagt problematiseres. Synspunkter og handlinger osb. Eller ein kan gjere som eg gjorde, berre skite i det og kose deg med smarte, underhaldene damer som tyr til handling. Ein godt innpakka dose med feminisme, blanda med latinleksjoner.
onsdag 15. februar 2012
The hunger games
Hovudpersonen i boka er 16 år gamle Katniss, som kjem frå District 12, det fattigaste distriktet i Panem (ein framtidsdystopisk versjon av USA, trur eg). Kvart år blir distrikta straffa av hovudstaden ved at dei må trekka ut éin gut og éi jente som må delta i The hunger games, ei drep-eller-bli-drepen-turnering. Det er altså 24 deltakarar kvart år, og berre éin vinnar. Dette året melder Katniss seg frivillig til å delta i staden for veslesøstera. Guten som blir trekt ut er Peeta, som tilsynelatande startar sin kamp for sponsorgåver ved å erklæra på nasjonal kringkasting at han er forelska i Katniss. Så startar spelet.
Visstnok liknar denne boka mistenkeleg på den japanske Battle Royale, men det verkar som den kanskje er hakket meir grusam. The Hunger Games er ei Young Adults-bok og filmen får visst 13 års-grense i USA, og dette meiner eg er ganske rimeleg. Det er ein god del fokus på kampen for å overleva, og berre nok fokus på det psykologiske til at ein tenkjer "dette er ganske frykteleg, men fytti så spanande". Ein blir ikkje like nedstemt som av til dømes 1984. Likevel er det mykje ein byrjar å tenkja over, som korleis ein sjølv ville oppført seg i ein slik situasjon og korleis det eigentleg vil kjennast å vinna spelet.
Eg er nysgjerrig på kva dei neste bøkene kjem til å handla om!
lørdag 11. februar 2012
Harry Potter and the deathly hallows
Jeg har lest denne før, men for en stund siden bestemte jeg meg for at jeg ville lese den igjen. Lese hva filmen ikke tok med, bruke lenger tid med karakterene og komme dypere inn i handlingen. Og jeg må si, det var definitivt vedt det! Jeg brukte et par dagger på å pløye gjennom hele boken, slik som sist gang jeg leste den. Gjorde omtrent ikke noe annet enn å lese. Og når jeg ikke leste som foreksempel da jeg måtte gå på skolen, tenke jeg hele tiden på hva blir det neste som skjer, og når noen spurte meg hva jeg drev på med i går, ville jeg si brøt meg inn i fligotts, for det føltes som om jeg var med, men jeg måtte si, leste.Den var like fantastisk, og like altoppslukende som første gang.
Rett og slett magisk (:
onsdag 1. februar 2012
It Chooses You av Miranda July
Miranda July hadde skrivesperre då ho jobba med manuset til sin siste film. Resultatet vart boka It Chooses You. I eit forsøk på prokastinering blanda med eit ynskje om inspirasjon intervjuer ho selgere ho finn i avisa The PennySaver. Det er vanlege folk, som samstundes er uvanlege. Ho skriv om møta, ikkje berre kva som vert sagt, men kva ho tenkjer, før, under og etter intervjua. Ein av dei ho snakker med får ein større del i livet hennar, til og med ein rolle i filmen.
Om du ikkje alt har sett filmen, The Futere, kan det være ein ide å gjere det før du les boka.
July er som vanleg vidunderleg og ven.
Om du vil lese utdrag frå boka så finnes det her.


