Sjølv har eg lest slik eit heilt liv.
Då eg var lita hadde me ofte felles lesestund på kvelden for
storebror og meg, og ein kan sei det slik at eg fikk høyre ein del
bøker som var rekna på litt eldre born. Med unntak av dei vonde
draumene Heksene av Roald Dahl resulterte i, trur eg ikkje eg
nokon sinn tok skade av det1.
Når eg endeleg knakk koden og kunne lese sjølv var det ikkje ein
heilt ny verd som opna seg. Verda av bøker hadde for meg alltid
eksistert, skillnaden var at no kunne eg utforske ho på eiga hand.
Skulebiblioteket var flittig i bruk. Eg las og las og fikk aldri nok.
Ikkje berre las eg, eg las bøker som lå over mine gjevnaldrenes
nivå. Då eg var ti hadde eg lest alle dei bøkene som var merka 10
– 12 (eg likar ikkje når dei skriv slikt på bøker, men meir om
det seinare) og då eg var tolv hadde eg tatt for meg dei fleste av
12-15 bøkene som fantes på skulebiblioteket. Det var sumaren eg
vart tolv som den fyrste vaksenboka i mitt liv vart lest. Alle bøkene
som var tatt med til hytta var lest, og biblioteket i den lille
sørlandsbyen var stengt for helga. Eg måtte ha noko å lese, og
bokhylla til mamma og pappa vart løysinga. Valet falt på
Blåskjellstranda. Kven som er forfatter hugsar eg ikkje, men
det var ikkje berre mitt fyrste møte med «vaksen» litteratur, det
var mitt første møte med parallele fortellinger og hitorier som
ikkje fulgte ein kronologisk tidslinje.2
No viste eg at det fantes ein heil del av litteraturverda som for meg
framleis lå urørt. Kor månge hundre tusner av bøker venta ikkje
på å verte lest av nett meg? Det var ikkje slik at eg slutta å
lese bøker for ungdommer, men vaksen bøkene tok meir og meir over.
Eg har lært med åra at det er
virkeleg ikkje så viktig om eg kjenner meg att i historien eller
hovedkarakterene, så lenge eg finn dei truverdige. Det klarte ikkje
dei ungdomsbøkene eg las. Eg likte dei ikkje og rekna det som
dårlege bøker. I fleire år trudde eg dette var av di det var eg
som låg over venta lesekunne,
men no veit eg betre; dei var berre ikkje gode. Det som irriterte meg
mest med ungdomsbøker var at dei alltid snakka ned til leseren. Dei
tok ikkje ungdom på allvar og var fyllt til randen med underutvikla
historier og ikkje minst karakterer. Det er ikkje dermed slik at
alle bøker rekna for ungdom er dårleg skrive, uten gode historier
eller komplekse karakterer og tema. Uheldegvis for meg viste eg ikkje
dette då, og eg fann aldri dei gode bøkene.
Vendepunktet kom då eg var tjue. Det
var ein kald vinterskveld, og snøen lå kanskje ein meter høg ute i
hagen, og som seg hør og bør under slike
tilhøve kom leselysten snikende. Problemet var at eg ikkje
hadde nokon bok som eg berre måtte lese nett då. På jakt i
bokhylla etter noko eg framleis ikkje hadde lest fann eg Looking
for Alaska av John Green Boka hadde eg kjøpt på impuls for over
eit år sida. I byrjinga gik det litt trått
som det så ofte gjer, men etter kvart var eg hekta. Eg måtte berre
lese videre. Heile natta las eg, og plutseleg hadde ei ny bok sneke
seg inn på lista over «Superfantastiske bøker som alle må lese og
eg trur eg døyr av lukke så bra er dei».
Då eg las Looking for Alaksa
viste ikkje eg at ho var rekna som ein ungdomsbok. Ho var i mitt
houvedt alt for bra til det. Eg trudde det var ei bok for vaksne om
tenåringstida. Eg kjente meg som tenåring att. Lukka, sorgene og
den evige optimistiske trua på at ein er uovervinneleg. Eg var så
lukkleg for her var ei bok om tenåringer, med tenåringer eg trudde
på. Tenåringer som var meir opptatt av livets store sprøsmål enn
sminke og kven som er i lag med kven. Sjølvsagt er tenåringer
opptatt av det og, men for meg var eit av problemene med dei bøkene
eg las som yngre ungdom at dei aldri reflekterte interresen for noko
anna. Kva med det brennende egagementet for politik, kjærleiken for
litteratur, nyfika om naturens samansettning? Filolsofien,
religionen, alt anna som intereserer tenåringer men konstan vert
oversett? Siden fann eg ut at Virgin Suicide som eg las hausten etter
vidergåande også reknas som ein bok for ungdom. Tilbake til Green,
eg finn ut at det er ungdomsbøker, men tingar likevel alt anna han
har skrive. Og eg elskar det. Då vert jakten på fleire bøker som
dette satt i gang. Dei finnes, eg veit det. Men dei er frykteleg
vanskelege å få fatt på i norske butikker og bibliotek. Løsninga
vert nettbokhandlere.
Det er rundt denne tida det går opp
for meg at ei god bok har ingen nedre eller øvre aldersgrenser. Ein
vaks ikkje ut av bøker slik ein vaks ut av klede. Ei god bok,
uavhengig av kven den er rikta mot, skal kunne nytes av ein vaksen.
Det er og her eg vert så frykteleg irritert på bøker som setter
ålder utenpå. Eg veit det er av di det skal være lettere å finne
fram i bokjungelen, men kvifor måtte eg lese dritt? Kvifor vart
desse bøkene som ser ned på leseren i det heile tatt gitt ut? Det
er ikkje berre ungdomsbøker, det er barnebøker og. Stundom trur eg
vaksne trur born og unge er dumme. Eg trur dei konstant undervurderar
dei. Dei (litt over) to åra som er gått siden den gang har vore
full av alle slags bøker. Både dei for vaksne og ungdom, men og dei
for born.
Eg er vanvittig heldig som har to
fantastiske små kusinebarn i livet mitt. Då eg flytta tilbake til
heimbyen etter eit år i Sverige, har eg fått bruke masse tid i lag
med dei. Og det finnes ingen større lukke enn når skolejenta, som
ellers er så tilbakehalden med kos, klatrer opp i fanget og vil at
me skal lese. Eller å høyrer på enrgibomba lære ord når me les
om Ludde eller Tassen. Ein anna ting som gjer meg så glad, er at eg
via dei for oppdage dei bøkene eg var så glad i omatt. I tillegg
leitar eg opp nye bøker (Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal) slik at
eg har noko på lur då dei kjem på vitjing. Ikkje minst oppdager eg
nye bøker via dei. Til dømes Lillesøster-serien av Kari Grossman.
Eg lo mest av alle då me las dei høgt. Og de veit Den lille
prinsen? Kor fantastisk var ikkje ho då eg las ho for første gång
då eg var sytten? Og kor fantastiks er ho ikkje for born?
Når det kjem til bornebøker trur eg
dei beste er dei som tar borna på alvar, og ikkje minst skriv om det
å være barn uten å være dømmene eller fromanene. Eg har framleis
like mykje glede av Pippi og Lotta. Eg elskar Maria Parr sin bøker,
og eg kan ikkje ha sumarferie på hytta utan Alle tiders gullhøne av
Prøysen. Om eg nokon gång skulle få born er det omogleg å skulle
ikkje skule lese Anne Cath Vestly og Thorbjørn Egner. Og om eg får
born og skal lese for dei, skal eg lese bøker eg likar. Bøker som
eg kan glede meg over saman med borna. Tykkjer ikkje eg dei er bra,
vil eg ikkje lese dei. Noko av det kjekke med lesestundene er nett
det å glede seg over historiene i lag. Eg tykkjer det er trist om
ein les bøker for born, medan ein kjeder seg av di boka ikkje er god
nok for vaksne. Korleis kan den då være god nok for borna?
La oss ta ein titt på Det usynlige
barnet av Tove Jansson. Er det ikkje noko me vaksne kan lære frå
den boka? Til dømes kor viktig det er å behandle born godt? Gi dei
tryggleik og stabilitet, slik at dei kan utvikles som mennesker
sikkre på si eiga verde og med ein eigen stemme?
Så var det Twilight og Harry Potter
då. For det fyrste er eg ikkje noko særleg for å setje dei to
seriene i same kategori. Det er ein vesentleg kvalitetsskillnad ute å
går. Twilight er ikkje godt skrive. Karakterene mangler karakter, og
handlingen er meir eller mindre uintresant. I alle fall i den første
bøka. Ho var så fæl at eg las aldri dei resterende. Meyer bruker
over trehundre sider før det endeleg skjer noko av interesse, men så
varer det berre eit kapittel eller to så er det ferdig. Harry Potter
er der i mot noko av det beste eg har lest. Med velutvikla
karakterer, humor og eit godt språk byggjer Rowling opp ei heilt
eiga verd. Eg ler, eg gret og eg må lese videre då det er så
spannande. Eg vert glad i menneskene, eg får utforska sider med med
sjølv, og eg lærer ein heil del av dei menneska rundt Harry. Finnes
det til dømes eit menneske visere enn Albus Hummlesnurr? Eg les, i
ein alder av tjueto, heile Harry Potter serien for første gong i
mitt liv. Då dei las dei fyrste bøkene i spisepausen på
borneskulen, av grunner som eg ikkje lenger hugser, vart eg aldri
grepe av historia. Kvifor er no for meg ufatteleg. Det er sikkert
vidunderleg og fantastisk å vakse opp i HP-verda, men det er
fantastisk å oppdage den verda som tjuetoåring og. Det rett og
slett vidunderleg, så eg angrer ikkje på at eg ikkje las dei då eg
va ung, for då hadde eg ikkje fått oppleve dei på denne måten no.
«I’m sure all those books are well
written. So is “Horton Hatches the Egg.” But Horton doesn’t
have the depth of language and character as literature written for
people who have stopped physically growing.» Tyder det at Stein
tenkjer alle vaksen bøker har det? Eg har lest mange bra vaksen
bøker, men alle vaksenbøkene eg har lest er ikkje bra. Om Hunger
Games seier han «I have no idea what “The Hunger Games” is like.
Maybe there are complicated shades of good and evil in each
character. Maybe there are Pynchonesque turns of phrase. Maybe it
delves into issues of identity, self-justification and anomie that
would make David Foster Wallace proud. I don’t know because it’s
a book for kids. I’ll read “The Hunger Games” when I finish the
previous 3,000 years of fiction written for adults.» No har ikkje eg
heller lest Hunger Games, men ut i frå det eg har høyrt er det nett
kompliserte skugger av godt og ondt i kvar karakter. Eg veit ikkje
kven nokon av dei forfatterene han nemner er, så om det er eit språk
som hjå Pynchon eller om David Foster Wallace hadde verte stolt skal
eg ikkje uttale meg om. Han slutter med å seie at han aldri kjem til
å lese dei bøkene av di dei er for born. Han vil heller lese dei
3000 åra verd av fiktion for vaksne. Det er greit. Han skal få lese
kva han vil. Det handler om prioriteringer. Eg skulle berre ynskje
han kunne la andre få lese nett det dei prioriterer
uten å verte førehandsdømd av pompøse tullinger som han, som ikkje
annerkjenne litterær verde berre av di målgruppa er yngre enn han
sjølv.
1
I forsvar for heksene, hadde det ikkje vore dei, hadde eg sikkert
verte skremt av noko anna i plassen.
2I
alle fall som eg hugser at eg merka meg.