mandag 13. mai 2013

Pride and Prejudice

(Norsk tittel: Stolthet og fordom)

Denne boka er ein klassikar, og for ei kort tid sidan var eg redd for klassikarar. Det innebar at eg var ein smule redd for denne boka òg. Heldigvis lasta eg den ned gratis på Kindlen der ein ikkje eigentleg får noko inntrykk av kor lang boka er (i ettertid har eg fått boka i fysisk format, og den er litt tjukk og kunne nok ha vore avskrekkande). Men lesinga gjekk fort og gale, og det viste seg at eg ikkje hadde noko som helst å vera redd for. Bøker blir ofte klassikarar av ein grunn. I dette tilfellet trur eg det er fordi boka dekker eit enkelt plot på ein underhaldande måte. Du har den masete mammaen, den trøytte pappaen, og dei mange einslege døtrene som skal giftast bort. Så har du dramaet.

Det er kome mange gode adaptasjonar av denne boka. De kjenner sikkert til BBC-serien og den nyare filmen med Keira Knightley. Eg likar begge, så det er sagt. Det er òg kome ein Youtube-serie som fortel historia i ein moderne versjon - og det er veldig bra gjort! Eg vil ikkje røpa for mykje, men til dømes frir ikkje Mr. Collins til Lizzie, men spør i staden om ho vil bli hans "business partner". Sist, men ikkje minst, så skal Teaterlaget BUL snart framføra sin versjon av verket i skodespelform på nynorsk, og det trur eg blir veldig bra!

Det er mange grunnar til at eg likar denne boka. Eg likar måten Elizabeth og pappaen kommuniserer på. Eg likar flørtinga og ertinga. Eg likar korleis ein oppdager at mange av personane er annleis enn ein trudde. Eg elskar brevet frå Darcy. Eg likar å hata visse personar. Eg likar dei subtile samfunnskritikkane - til dømes det at kvinner ikkje kan arva eigedom. Eg likar korleis hovudpersonen tenkjer, og korleis ho endrar seg. Eg elskar det lille glimtet i auget eg ser for meg ho har.