mandag 13. mai 2013

Pride and Prejudice

(Norsk tittel: Stolthet og fordom)

Denne boka er ein klassikar, og for ei kort tid sidan var eg redd for klassikarar. Det innebar at eg var ein smule redd for denne boka òg. Heldigvis lasta eg den ned gratis på Kindlen der ein ikkje eigentleg får noko inntrykk av kor lang boka er (i ettertid har eg fått boka i fysisk format, og den er litt tjukk og kunne nok ha vore avskrekkande). Men lesinga gjekk fort og gale, og det viste seg at eg ikkje hadde noko som helst å vera redd for. Bøker blir ofte klassikarar av ein grunn. I dette tilfellet trur eg det er fordi boka dekker eit enkelt plot på ein underhaldande måte. Du har den masete mammaen, den trøytte pappaen, og dei mange einslege døtrene som skal giftast bort. Så har du dramaet.

Det er kome mange gode adaptasjonar av denne boka. De kjenner sikkert til BBC-serien og den nyare filmen med Keira Knightley. Eg likar begge, så det er sagt. Det er òg kome ein Youtube-serie som fortel historia i ein moderne versjon - og det er veldig bra gjort! Eg vil ikkje røpa for mykje, men til dømes frir ikkje Mr. Collins til Lizzie, men spør i staden om ho vil bli hans "business partner". Sist, men ikkje minst, så skal Teaterlaget BUL snart framføra sin versjon av verket i skodespelform på nynorsk, og det trur eg blir veldig bra!

Det er mange grunnar til at eg likar denne boka. Eg likar måten Elizabeth og pappaen kommuniserer på. Eg likar flørtinga og ertinga. Eg likar korleis ein oppdager at mange av personane er annleis enn ein trudde. Eg elskar brevet frå Darcy. Eg likar å hata visse personar. Eg likar dei subtile samfunnskritikkane - til dømes det at kvinner ikkje kan arva eigedom. Eg likar korleis hovudpersonen tenkjer, og korleis ho endrar seg. Eg elskar det lille glimtet i auget eg ser for meg ho har.

tirsdag 9. april 2013

Usynlig av Pauls Auster

Boken frestår som en spennende påskekrim, og dette er den også i starten av boken. Men en tredjedel uti boken forsvinner dette, og forvirring oppstår, det hoppes i tid og karakterer og blir vanskelig å se sammenhanger.

Jeg må ærlig si at dette er en bok jeg ikke fullførte. Jeg greide rett og slett ikke å se sammenhengen lenger, og gikk derfor lei. I tillegg gikk den inn på tema som jeg ikke likte å lese om. Men om noen som lese dette har fullført boken, fortell gjerne hvordan alt gikk, og om det er en bok det anbefales å starte og lese på nytt.

Chimera av Gert Nygårdshaug

Jeg vet ikk helt hvordan jeg skal introdusere denne boken. Men jeg vil si at det er en en fantastisk øko-triller. Spenningen er høy gjennom hele boken, og avsluttningen topper alt. Dersom du leter etter noe spenningsfyllt er dette boken
!

tirsdag 15. januar 2013

Dette forandrer alt

Dersom du har lyst til å lese en surrealistisk bok, der de mest forutsigbare tingene plutselig ikke er det lenger. Det er en historie delt inn i flere deler, og den jobber seg innover og innover og innover. Det starer med en person som møter en annen person som forteller videre neste del av boken og slik gies stafettpinnen for denne historien videre.

Det er mange spennene filosofiske momenter i boken som jeg selv måtte stoppe og dvele med. Som blant annet når det snakkes om ti i boken. Det er en person som har funnet ut hvorfor tiden går fortere. Det er nemlig fordi som 5 åring har en bare levd i 5 år og tiden sinden en ble født til nå er kort, derfor går det meste fort. Men som eldre har en opplevd mer tid, derfor går tid fortere.

En annen historie er rundt en mann som har valgt å sove alt han skal hele livet fra han fødes. Han våkner derfor som 30 åring, og lever resten av livet våkent.

Mange spennende historier.
Og det er momenter som rett og slett forandrer alt.

Anbefales om du er lei av forutsigbare bøker :)

tirsdag 8. januar 2013

To eller flere

To eller flere er en av bøkene som står på pensumet mitt i pedagogikk, så det er kanskje ikke så rart at jeg har lest den, men det er en av de bøkene som jeg har lest ekstra mye i og som jeg stort sett husker alt fra.

Det er en bok om sammarbeid, og hvordan sammarbeid funger i teorien. Hvordan å skape gode sammarbeid og hva som kan snu et som ikke fungerer. Den forteller også om roller som intas når en arbeider i en gruppe og hvordan roller egentlig burde være. Det er praksiske tips og veiledninger. Boken inneholder også stikkord og oppgaver på slutten av et kapittel som er veldig praktisk når det er en pensum bok :)

Spennende bok på rundt 180 sider om basiskunskaper i gruppepsykologi.

tirsdag 30. oktober 2012

When I became a man I put away childish things such as the fear of childishness and the desire to be terribly grown up. - C. S. Lewis

Her om dagen kom eg over eit innlegg i NY Times av Joel Stein kalt «Adults should read adult books». Her innleder Stein med «The only thing more embarrassing than catching a guy on the plane looking at pornography on his computer is seeing a guy on the plane reading “The Hunger Games.” Or a Twilight book. Or Harry Potter.» Eg vert ikkje sint, eg tykkjer berre synd om han. Om Stein ynskjer å døme folk ut i frå kva bok dei hald i hendene står han fri til å gjere det, men det tyder ikkje at eg ikkje kan slå eit slag for å lese bøker som er rekna på ei anna målgruppe enn deg.

Sjølv har eg lest slik eit heilt liv. Då eg var lita hadde me ofte felles lesestund på kvelden for storebror og meg, og ein kan sei det slik at eg fikk høyre ein del bøker som var rekna på litt eldre born. Med unntak av dei vonde draumene Heksene av Roald Dahl resulterte i, trur eg ikkje eg nokon sinn tok skade av det1. Når eg endeleg knakk koden og kunne lese sjølv var det ikkje ein heilt ny verd som opna seg. Verda av bøker hadde for meg alltid eksistert, skillnaden var at no kunne eg utforske ho på eiga hand. Skulebiblioteket var flittig i bruk. Eg las og las og fikk aldri nok. Ikkje berre las eg, eg las bøker som lå over mine gjevnaldrenes nivå. Då eg var ti hadde eg lest alle dei bøkene som var merka 10 – 12 (eg likar ikkje når dei skriv slikt på bøker, men meir om det seinare) og då eg var tolv hadde eg tatt for meg dei fleste av 12-15 bøkene som fantes på skulebiblioteket. Det var sumaren eg vart tolv som den fyrste vaksenboka i mitt liv vart lest. Alle bøkene som var tatt med til hytta var lest, og biblioteket i den lille sørlandsbyen var stengt for helga. Eg måtte ha noko å lese, og bokhylla til mamma og pappa vart løysinga. Valet falt på Blåskjellstranda. Kven som er forfatter hugsar eg ikkje, men det var ikkje berre mitt fyrste møte med «vaksen» litteratur, det var mitt første møte med parallele fortellinger og hitorier som ikkje fulgte ein kronologisk tidslinje.2 No viste eg at det fantes ein heil del av litteraturverda som for meg framleis lå urørt. Kor månge hundre tusner av bøker venta ikkje på å verte lest av nett meg? Det var ikkje slik at eg slutta å lese bøker for ungdommer, men vaksen bøkene tok meir og meir over.

Eg har lært med åra at det er virkeleg ikkje så viktig om eg kjenner meg att i historien eller hovedkarakterene, så lenge eg finn dei truverdige. Det klarte ikkje dei ungdomsbøkene eg las. Eg likte dei ikkje og rekna det som dårlege bøker. I fleire år trudde eg dette var av di det var eg som låg over venta lesekunne, men no veit eg betre; dei var berre ikkje gode. Det som irriterte meg mest med ungdomsbøker var at dei alltid snakka ned til leseren. Dei tok ikkje ungdom på allvar og var fyllt til randen med underutvikla historier og ikkje minst karakterer. Det er ikkje dermed slik at alle bøker rekna for ungdom er dårleg skrive, uten gode historier eller komplekse karakterer og tema. Uheldegvis for meg viste eg ikkje dette då, og eg fann aldri dei gode bøkene.

Vendepunktet kom då eg var tjue. Det var ein kald vinterskveld, og snøen lå kanskje ein meter høg ute i hagen, og som seg hør og bør under slike tilhøve kom leselysten snikende. Problemet var at eg ikkje hadde nokon bok som eg berre måtte lese nett då. På jakt i bokhylla etter noko eg framleis ikkje hadde lest fann eg Looking for Alaska av John Green Boka hadde eg kjøpt på impuls for over eit år sida. I byrjinga gik det litt trått som det så ofte gjer, men etter kvart var eg hekta. Eg måtte berre lese videre. Heile natta las eg, og plutseleg hadde ei ny bok sneke seg inn på lista over «Superfantastiske bøker som alle må lese og eg trur eg døyr av lukke så bra er dei».

Då eg las Looking for Alaksa viste ikkje eg at ho var rekna som ein ungdomsbok. Ho var i mitt houvedt alt for bra til det. Eg trudde det var ei bok for vaksne om tenåringstida. Eg kjente meg som tenåring att. Lukka, sorgene og den evige optimistiske trua på at ein er uovervinneleg. Eg var så lukkleg for her var ei bok om tenåringer, med tenåringer eg trudde på. Tenåringer som var meir opptatt av livets store sprøsmål enn sminke og kven som er i lag med kven. Sjølvsagt er tenåringer opptatt av det og, men for meg var eit av problemene med dei bøkene eg las som yngre ungdom at dei aldri reflekterte interresen for noko anna. Kva med det brennende egagementet for politik, kjærleiken for litteratur, nyfika om naturens samansettning? Filolsofien, religionen, alt anna som intereserer tenåringer men konstan vert oversett? Siden fann eg ut at Virgin Suicide som eg las hausten etter vidergåande også reknas som ein bok for ungdom. Tilbake til Green, eg finn ut at det er ungdomsbøker, men tingar likevel alt anna han har skrive. Og eg elskar det. Då vert jakten på fleire bøker som dette satt i gang. Dei finnes, eg veit det. Men dei er frykteleg vanskelege å få fatt på i norske butikker og bibliotek. Løsninga vert nettbokhandlere.

Det er rundt denne tida det går opp for meg at ei god bok har ingen nedre eller øvre aldersgrenser. Ein vaks ikkje ut av bøker slik ein vaks ut av klede. Ei god bok, uavhengig av kven den er rikta mot, skal kunne nytes av ein vaksen. Det er og her eg vert så frykteleg irritert på bøker som setter ålder utenpå. Eg veit det er av di det skal være lettere å finne fram i bokjungelen, men kvifor måtte eg lese dritt? Kvifor vart desse bøkene som ser ned på leseren i det heile tatt gitt ut? Det er ikkje berre ungdomsbøker, det er barnebøker og. Stundom trur eg vaksne trur born og unge er dumme. Eg trur dei konstant undervurderar dei. Dei (litt over) to åra som er gått siden den gang har vore full av alle slags bøker. Både dei for vaksne og ungdom, men og dei for born.

Eg er vanvittig heldig som har to fantastiske små kusinebarn i livet mitt. Då eg flytta tilbake til heimbyen etter eit år i Sverige, har eg fått bruke masse tid i lag med dei. Og det finnes ingen større lukke enn når skolejenta, som ellers er så tilbakehalden med kos, klatrer opp i fanget og vil at me skal lese. Eller å høyrer på enrgibomba lære ord når me les om Ludde eller Tassen. Ein anna ting som gjer meg så glad, er at eg via dei for oppdage dei bøkene eg var så glad i omatt. I tillegg leitar eg opp nye bøker (Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal) slik at eg har noko på lur då dei kjem på vitjing. Ikkje minst oppdager eg nye bøker via dei. Til dømes Lillesøster-serien av Kari Grossman. Eg lo mest av alle då me las dei høgt. Og de veit Den lille prinsen? Kor fantastisk var ikkje ho då eg las ho for første gång då eg var sytten? Og kor fantastiks er ho ikkje for born?

Når det kjem til bornebøker trur eg dei beste er dei som tar borna på alvar, og ikkje minst skriv om det å være barn uten å være dømmene eller fromanene. Eg har framleis like mykje glede av Pippi og Lotta. Eg elskar Maria Parr sin bøker, og eg kan ikkje ha sumarferie på hytta utan Alle tiders gullhøne av Prøysen. Om eg nokon gång skulle få born er det omogleg å skulle ikkje skule lese Anne Cath Vestly og Thorbjørn Egner. Og om eg får born og skal lese for dei, skal eg lese bøker eg likar. Bøker som eg kan glede meg over saman med borna. Tykkjer ikkje eg dei er bra, vil eg ikkje lese dei. Noko av det kjekke med lesestundene er nett det å glede seg over historiene i lag. Eg tykkjer det er trist om ein les bøker for born, medan ein kjeder seg av di boka ikkje er god nok for vaksne. Korleis kan den då være god nok for borna?

La oss ta ein titt på Det usynlige barnet av Tove Jansson. Er det ikkje noko me vaksne kan lære frå den boka? Til dømes kor viktig det er å behandle born godt? Gi dei tryggleik og stabilitet, slik at dei kan utvikles som mennesker sikkre på si eiga verde og med ein eigen stemme?

Så var det Twilight og Harry Potter då. For det fyrste er eg ikkje noko særleg for å setje dei to seriene i same kategori. Det er ein vesentleg kvalitetsskillnad ute å går. Twilight er ikkje godt skrive. Karakterene mangler karakter, og handlingen er meir eller mindre uintresant. I alle fall i den første bøka. Ho var så fæl at eg las aldri dei resterende. Meyer bruker over trehundre sider før det endeleg skjer noko av interesse, men så varer det berre eit kapittel eller to så er det ferdig. Harry Potter er der i mot noko av det beste eg har lest. Med velutvikla karakterer, humor og eit godt språk byggjer Rowling opp ei heilt eiga verd. Eg ler, eg gret og eg må lese videre då det er så spannande. Eg vert glad i menneskene, eg får utforska sider med med sjølv, og eg lærer ein heil del av dei menneska rundt Harry. Finnes det til dømes eit menneske visere enn Albus Hummlesnurr? Eg les, i ein alder av tjueto, heile Harry Potter serien for første gong i mitt liv. Då dei las dei fyrste bøkene i spisepausen på borneskulen, av grunner som eg ikkje lenger hugser, vart eg aldri grepe av historia. Kvifor er no for meg ufatteleg. Det er sikkert vidunderleg og fantastisk å vakse opp i HP-verda, men det er fantastisk å oppdage den verda som tjuetoåring og. Det rett og slett vidunderleg, så eg angrer ikkje på at eg ikkje las dei då eg va ung, for då hadde eg ikkje fått oppleve dei på denne måten no.

«I’m sure all those books are well written. So is “Horton Hatches the Egg.” But Horton doesn’t have the depth of language and character as literature written for people who have stopped physically growing.» Tyder det at Stein tenkjer alle vaksen bøker har det? Eg har lest mange bra vaksen bøker, men alle vaksenbøkene eg har lest er ikkje bra. Om Hunger Games seier han «I have no idea what “The Hunger Games” is like. Maybe there are complicated shades of good and evil in each character. Maybe there are Pynchonesque turns of phrase. Maybe it delves into issues of identity, self-justification and anomie that would make David Foster Wallace proud. I don’t know because it’s a book for kids. I’ll read “The Hunger Games” when I finish the previous 3,000 years of fiction written for adults.» No har ikkje eg heller lest Hunger Games, men ut i frå det eg har høyrt er det nett kompliserte skugger av godt og ondt i kvar karakter. Eg veit ikkje kven nokon av dei forfatterene han nemner er, så om det er eit språk som hjå Pynchon eller om David Foster Wallace hadde verte stolt skal eg ikkje uttale meg om. Han slutter med å seie at han aldri kjem til å lese dei bøkene av di dei er for born. Han vil heller lese dei 3000 åra verd av fiktion for vaksne. Det er greit. Han skal få lese kva han vil. Det handler om prioriteringer. Eg skulle berre ynskje han kunne la andre få lese nett det dei prioriterer uten å verte førehandsdømd av pompøse tullinger som han, som ikkje annerkjenne litterær verde berre av di målgruppa er yngre enn han sjølv. 


1 I forsvar for heksene, hadde det ikkje vore dei, hadde eg sikkert verte skremt av noko anna i plassen.
2I alle fall som eg hugser at eg merka meg.

onsdag 24. oktober 2012

Mockingjay - Suzanne Collins

Dette er den siste boken i serien om "the hunger games". Så nå begynner ting å tilspisse seg. Dersom du ikke har lest den første og andre boken, så ikke les den tredje. Dene boken bygger på den andre bøkene, og hovedkarakteren Catniss blir satt på enda hardere prøver. Men dersom du har les eneren og toeren, så sett i gang å les den tredje boken. Jeg bruke ikke mer enn to uker på å lese hele boken, og det var stort sett det eneste jeg tenkte på disse to ukene. Boken griper deg og holder deg fast! Så dersom du vil forsvinne helt inn i en annen verden, så er denne et godt valg.

søndag 9. september 2012

The Princess Bride

The Princess Bride har i mange år vore ein av favorittfilmane mine, og i sommar fekk eg meg endeleg til å lesa boka. No er ho ei av favorittbøkene mine.

Alt ved dette eventyret er magisk og nydeleg. Det er ei kjærleikshistorie, og kan verka litt "jentete" (utan at eg likar den termen) særleg på grunn av tittelen og innleiinga (med obligatorisk forelsking og sussing). Men det utviklar seg til å bli mykje meir enn ei kjærleikshistorie, med slossing, tortur, hevn, skumle vesen, og mange andre spenningsmoment. Difor kan eg anbefala denne boka til venner av alle slag.

(Det er kanskje litt klisjé å ha ei pen dame som må reddast av modige menn, men det er den einaste svakheita. Buttercup er til tider litt feisty på sin eigen måte, og det gjer damsel-in-distress-greia bittelitt mindre irriterande. Ein må jo òg berre ta eventyret for det det er.)

Somme av personane i dette eventyret er forøvrig så fantastiske at du kjem til å ønskja du kunne vera med i gjengen deira. Særleg Fezzik og Inigo. <3 Dialogen deira får meg ofte til å le høgt. Boka er i det heile tatt skrive så godt at eg sit og smiler, ler, held pusten, lagar grimasar, klynkar osb.

Eg føler ikkje eg gjer boka justice med denne omtala, så berre les henne, peeps. De kan låna henne av meg.

tirsdag 22. mai 2012

Afrodites basseng

Hvis jeg skal anbefale bare en serie bøker så er det denne triologien, hvor afrodites basseng er den siste og avsluttende boken. Serien starter med "Mengele zoo", deretter følger "himmelblosttreet" og til slutt den boken jeg skal snakke om nå; "afrodites basseng".

Historien omhandler en far og hans lille sønn. De bor oppe i skogen hvor faren driver sin forskning. En dag skjer noe merkelig, en skog vokser frem, en ødeleggende og skremmende skog. De greier bare så vidt å redde seg selv, fra skogen som vokser i en uhyggelig stor fart men når alt er over og har roet seg, så forstår de at det er ikke mange som har overlevd, fordi skogens røtter har forgiftet vannet. Skogen er i tillegg ganske ugjennomtrengelig, men det er et fly på tjernet de har like ved huset. Dette flyet tilhører skogvokteren, men de greier å tilegne seg flykunskaper og drar nå på en reise for å finne andre overlevende. Hvor er de? og hvem er de?

I tillegg til å lese om hovedpersonen og sønnen hans, får vi også innblikk i drømmene til hovedpersonen, han beskriver dem som ekte, og de går over 10 talls sider og beskriver i detalj. Er dette ekte drømmer, dette drar de ut for å finne ut av.

Det er også en tredje stemme i boken, dette er forfatteren, hva han synes om en bok han skriver og hvor lite han egentlig liker å skrive og at han egentlig ikke ser på det som noe kall.

Sammen danner disse tre stemmene en fantastisk bok, med variasjon og spenning.
Definitivt en bok jeg vil anbefale at leses.

Jeg gleder meg allerede til neste gang jeg skal lese den :)

torsdag 22. mars 2012

Hjartemekanikk av Kristina Leganger Iversen

"På veg for å bade blir dei påkøyrt av ein bil. I fragment får vi fortlat historia til ho som blir igjen.
Hjartemekanikk handlar om å finne kjærleiken, om å miste han og om å leve vidare."

Eg tykkjer i grunnen det som står på vaskeseddelen er ein ganske god skildring.

Ein flott debut, ein frisk pust i det norske lyrikklandskapet. Ord som fortryller og grip om hjartet med eit hardt tak. 

torsdag 15. mars 2012

Leseliste

Etter å ha rydda i bokhyllene har eg kome fram til at eg ikkje har lest mange nok av bøkene mine og at eg har mange eg kunne tenke meg å lese om att. Så då treng eg ei liste. Siden eg ikkje liker å berre lese ein og ein, men heller fleir samstundes, har eg aldri verte heilt fortrueleg med den tradisjonelle lista. Etter å ha kome over den her på veven, fann eg ut at eg kunne bruke same prinsipp på ei leseliste. På ein haug med post-it lappar skreiv eg opp bøkene eg vil lese i første omgang, så klistra eg dei i rutene. Når eg har lest ferdig ei bok, drar eg ho av, og ser kva neste bok er. Når eg er ferdig med alle bøkene, gjer eg det same om att. Eg må få seie at eg er rett så nøgd. Endeleg ei liste som passar perfekt for meg.

mandag 12. mars 2012

Himmelblomsttreet


Bok nummer to i en triologi, skrevet av Gert Nygårdshaug.

Jeg må bare begynne å fortelle at dette, det er rett og slett en helt fantastisk bok. Hvorfor spør du? Jo det skal jeg fortelle deg, bare smør deg med litt tålmodighet og du skal få dine svar.

For det første starter den helt uventet i et fengsel, en helt uviss plass i europa. Vi kjenner ikke fangens navn, og selv lurer jeg lenge på om det er Mino, hovedpersonen fra bok nummer en i denne triologien. Men etter et par kapitler avsløres det at det er en helt ny ukjent person, som etter alt å dømme er smart og innsiktsfull. Etter drøye hundre sider skifter settingen og vi hopper tilbake i tid for å bli kjent med den nye ukjente personen, Jens Oder Flirum. Han bor i en liten grend og drikker seg full hele dagen fordi han har droppet ut av skolen. Videre følger vi ham hvor han blir siktet for drap og han vei ut av fengselet og over til Sør-Amerika. Her treffer han hovedpersonen fra bok nummer en og inne i jungelen i Amasonas, driver Jens Oder Flirum å samler sammen alle plantene i hele jungelen for deretter å sende dem til et laberatorium for etterforskning og bevaring for fremtiden. Slik at om jungelen forsvinner, vil det være frø til å bygge den opp igjen. Historien forsetter og bygger seg oppover, og når krig legger seg over europa og begynner å spre seg når historien sitt høydepunkt.

Himmelblosttreet som er tittelen på boka, er et tre som finnes i jungelen ikke så langt vekke fra der Jens lever. Det er et tre som bare slipper frukten sin hvert 200 år, og når den gjør det vil visdom fra forfedrene spre seg til de som sitter under treet. I tillegg har himmelblomst treet en stor rolle, når uante ting treer frem da prøver fra dette treet analyseres.

Vi følger oppturene og nedturere. Beskrivelsene er fantastiske og du blir trukker inn i historien.

Anbefales definitivt, og den trenges ikke å leses etterMengele zoo, men det kan klart være en fordel.

onsdag 7. mars 2012

Animal farm


Denne boken ble vi tvunget til å lese på vidergående og jeg hatet den intenst den lange perioden vi måtte analyserer den, lese den og se den på film. Men jeg plukket den opp igjen fordi det er en av de få bøkene jeg har på engelsk og jeg hadde så lyst å lese på engelsk. Og jeg har funnet ut at den egentlig er utrolig intresang! Hverfall nå som jeg forstår litt mer hva det handler om, og nå som jeg husker alle frempekene og symbolene som vi måtte skrive stil om på vidergående.

En klassiker. En av mine favoritter :)

4 legs good, 2 legs bad.

tirsdag 21. februar 2012

The Fault In Our Stars av John Green

Kjerringer av Helen Uri

I kjerringer møter me fire damer midt i livet. Dei kjeme frå ulike bakgrunner og lever ganske ulike liv. Det som knyttar dei saman er eit latinkurs. Det tar det ikkje lang tid før dei innser at dei alle har menn i livet som ikkje er så greie å ha med å gjere. Saman tar dei opp kampen mot kvardagssjovinismen. Den kåte sjefen som aldri respekter sine kvinnelege ansatte, men som ikkje har noko i mot å ta æren for deira arbeid. Menn som indirekte sørger for at menn har flest goder i firmaet. Den ansatte som via hersketeknikker og andre teknikker forsøker å sverte sin eigen sjef. Sjukeheimleiaren som meiner at døtre sjølv får ta vare på sine gamle foreldre. Hevnaksjoner vert planert og utført, med ein god dose humor. Som dei sjølv seier, dei går ikkje etter menn som hater kvinner, det får politiet gjere, nei dei går etter menn som foraktar kvinner.

Ein kan ynske det var sant, at det var ein kvinneliga der ute som gikk etter drittsekkene. Uri skal og ha ros for at ho har med Anders, som i boka vert symbolet på den gode mannen. Ikkje alle er drittsekker. Berre nokre. Dermed er det ikkje ei bok som oppmaner til mannehat. Boka kansjølvsagt problematiseres. Synspunkter og handlinger osb. Eller ein kan gjere som eg gjorde, berre skite i det og kose deg med smarte, underhaldene damer som tyr til handling. Ein godt innpakka dose med feminisme, blanda med latinleksjoner.  

onsdag 15. februar 2012

The hunger games

Denne boka (/denne bokserien) er ikkje så kjend i Noreg enno, men eg har sett/høyrt mange referansar til henne på youtube og andre stader på Internetten. Alle nerdane og bokelskarane snakkar om henne. Det er kanskje særleg fordi filmen kjem på kino i år. Så eg tenkte som boknerdar flest: Eg må skunda meg og lesa boka før filmen kjem og alle her òg snakkar om den!

Hovudpersonen i boka er 16 år gamle Katniss, som kjem frå District 12, det fattigaste distriktet i Panem (ein framtidsdystopisk versjon av USA, trur eg). Kvart år blir distrikta straffa av hovudstaden ved at dei må trekka ut éin gut og éi jente som må delta i The hunger games, ei drep-eller-bli-drepen-turnering. Det er altså 24 deltakarar kvart år, og berre éin vinnar. Dette året melder Katniss seg frivillig til å delta i staden for veslesøstera. Guten som blir trekt ut er Peeta, som tilsynelatande startar sin kamp for sponsorgåver ved å erklæra på nasjonal kringkasting at han er forelska i Katniss. Så startar spelet.

Visstnok liknar denne boka mistenkeleg på den japanske Battle Royale, men det verkar som den kanskje er hakket meir grusam. The Hunger Games er ei Young Adults-bok og filmen får visst 13 års-grense i USA, og dette meiner eg er ganske rimeleg. Det er ein god del fokus på kampen for å overleva, og berre nok fokus på det psykologiske til at ein tenkjer "dette er ganske frykteleg, men fytti så spanande". Ein blir ikkje like nedstemt som av til dømes 1984. Likevel er det mykje ein byrjar å tenkja over, som korleis ein sjølv ville oppført seg i ein slik situasjon og korleis det eigentleg vil kjennast å vinna spelet.
Eg er nysgjerrig på kva dei neste bøkene kjem til å handla om!

lørdag 11. februar 2012

Harry Potter and the deathly hallows

Jeg har lest denne før, men for en stund siden bestemte jeg meg for at jeg ville lese den igjen. Lese hva filmen ikke tok med, bruke lenger tid med karakterene og komme dypere inn i handlingen. Og jeg må si, det var definitivt vedt det! Jeg brukte et par dagger på å pløye gjennom hele boken, slik som sist gang jeg leste den. Gjorde omtrent ikke noe annet enn å lese. Og når jeg ikke leste som foreksempel da jeg måtte gå på skolen, tenke jeg hele tiden på hva blir det neste som skjer, og når noen spurte meg hva jeg drev på med i går, ville jeg si brøt meg inn i fligotts, for det føltes som om jeg var med, men jeg måtte si, leste.

Den var like fantastisk, og like altoppslukende som første gang.
Rett og slett magisk (:

onsdag 1. februar 2012

It Chooses You av Miranda July

Miranda July hadde skrivesperre då ho jobba med manuset til sin siste film. Resultatet vart boka It Chooses You. I eit forsøk på prokastinering blanda med eit ynskje om inspirasjon intervjuer ho selgere ho finn i avisa The PennySaver. Det er vanlege folk, som samstundes er uvanlege. Ho skriv om møta, ikkje berre kva som vert sagt, men kva ho tenkjer, før, under og etter intervjua. Ein av dei ho snakker med får ein større del i livet hennar, til og med ein rolle i filmen.

Om du ikkje alt har sett filmen, The Futere, kan det være ein ide å gjere det før du les boka.

July er som vanleg vidunderleg og ven. 

Om du vil lese utdrag frå boka så finnes det her.