onsdag 1. februar 2012

It Chooses You av Miranda July

Miranda July hadde skrivesperre då ho jobba med manuset til sin siste film. Resultatet vart boka It Chooses You. I eit forsøk på prokastinering blanda med eit ynskje om inspirasjon intervjuer ho selgere ho finn i avisa The PennySaver. Det er vanlege folk, som samstundes er uvanlege. Ho skriv om møta, ikkje berre kva som vert sagt, men kva ho tenkjer, før, under og etter intervjua. Ein av dei ho snakker med får ein større del i livet hennar, til og med ein rolle i filmen.

Om du ikkje alt har sett filmen, The Futere, kan det være ein ide å gjere det før du les boka.

July er som vanleg vidunderleg og ven. 

Om du vil lese utdrag frå boka så finnes det her.

mandag 30. januar 2012

Self-made man

Dette er ei non-fiction-bok om ei kvinne som forkler seg som ein mann i eitt år, og flyttar til nye stader og møter nye menneske som mann. Ho blir med i ei bowlingforeining, går på strippeklubbar, tilbringer ein periode i kloster osb. Ho ønskjer å sjå korleis menneske kommuniserer med henne og behandlar henne når dei trur ho er mann, og òg korleis dette endrar seg når ho avslører seg for dei ho har blitt kjend med.

Denne boka inneheld mange særs interessante observasjonar om menn og mannlegheit, og er ein fin stad å starta viss ein vil lesa noko ikkje altfor akademisk eller überfeministisk om kjønn. Vincent oppdagar til dømes at menn òg snakkar om kjenslene sine, og har sine eigne måtar å vera nære og kameratslege på.

Eg har ambisjonar om å skriva noko meir utfyllande og vettugt om denne boka i tidsskriftet Mål og Makt, så om de abonnerer får de følgja med, og om de ikkje abonnerer bør de kanskje vurdera det, og om de ikkje vil abonnera bør de kanskje vurdera å iallfall kjøpa det neste nummeret ;)

mandag 23. januar 2012

No One Belongs Here More Than You av Miranda July

Små historier om det å vere einsam. Ikkje nødvendigvis om å være fysisk åleine, men om dei løyndomene innerst i sjela som me ikkje kan dele med andre. Dei me alltid har berre for oss sjølv. Kjensla av å ikkje verte forstått.

Sår, naken og vidunderelg ven.  

Boka er gitt ut på norsk under tittelen Ingen hører til her mer enn du på Damm forlag

Kulturens Makt av Aud Talle

Kulturens makt handlar om nett det; makten kulturen har over våre liv. Her meir spesefikt innretta på temaet kvinnleg omskjæring. Talle gir ein innføring i dei ulike typene omskjæring, problematiser rundt dei, og forsøkjer å vise eit tabubelagt område frå fleire sider. Ho tar utgangspunkt i si eiga forsking i aust-afrika, studier av somaliske eksilmiljøer i Noreg og Storbritannia og mange års erfaring frå undervisning. Boka er ei grei og oversikteleg innføring i eit vanskeleg tema.

søndag 22. januar 2012

100 åringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant av Jonas Jonasson

100 åringen i boka er Allan Karlsson. På sjølve fødselsdagen, ikkje lenge før dei skal ha selskap på gamleheimen, kjenner Allan at han ikkje gidder meir. I og med at han er hundre år konkluderar han med at han ikkje har noko å tape. Ut av vindauge klatrar han, og dette er byrjinga på eit fantastisk eventyr som innebærer ein trillekoffert, ein narkobande, ein småkriminell pensjonist og ein elefant. Parallelt med historien om Allan i notid får me også ta del i Allan sin livshistorie. Frå han vart fødd på eit lite småbruk, til ein kommunistisk far og ei sjølvstendig mor, på den svenske landsbygda, videre rundt heile kloden og tilslutt tilbake til Sverige. Boka er hysterisk underhaldane og latteren sitter laust når ein les ho.

Lett lest og morosam er alltid ein god kombinasjon.

Dette er Jonasson sin fyrste bok.

The Book of Other People av Zadie Smith


Eit letterært prosjekt satt i gang av Zadie Smith. Ulike forfattarar skulle skrive kvar sin novelle. Det einaste kravet var at det skulle handle om ein person, og denne personens namn er namnet på novella. I og med at det er ulike forfattere er det og ulike tema og ulik kvalitet. Nokon av dei forfattarane som har bidrat er Nick Hornby, Miranda July og Jonathan Safran Foer.  

lørdag 14. januar 2012

Mengele Zoo


Eg har høyrd så utroleg mykkje bra om denne boka, og bestemdte meg for å lesa den for omkring eit år sidan. Det har tatt litt tid, som dykk sikkert forstår men samstundes har det vore fint å berre lesa litt nå og litt då. Det er egentleg ein tykk bok på nesten 500 sider, men det er ingenting eg ville at skulle vore utelelatt. Alle dei røde tråane sluttar og starter, og ikkje alt er viktig for slutten, men slik er det jo også i livet, ikkje alt er viktig for utfallet.

Anbefaler den.

mandag 26. desember 2011

mandag 14. november 2011

Alle vil hjem, ingen vil tilbake.

Omtale ligg her (pga Ark bokhandel sine reglar).

søndag 4. september 2011

Alt jeg skriver er sant


Direkte avskrift fra teksten smitte i boken "alt jeg skriver er sant" av Ellesiv Lindkvist: Han ble med meg hjem. Han trengte et sted å sove. Vi sov i samme seng. Den eneste. Da vi våknet, minnet han meg på at vi ikke hadde pult. Så gjorde vi det. Nesten. Jeg lurer på hvordan man definerer et samleie. Skulle jeg skrive ham ned eller ikke? "Har vi ligget sammen nå" spurte jeg. "Det kan du bestemme" sa han. Jeg bestemte at vi hadde gjort det. Det er ikke orgasmen som er avgjørende. Det er den potensielle smittefaren.


Dette er en av mine favorittbøker, av den enkle grunn at du aldri vet helt hvor teksten vil føre deg. Det er altid nye spennende ting, og tankene til leseren blir satt på prøve. Det er en samling av små og lengre tekster, hvorav smitte er en av mine favoritter.