søndag 4. september 2011
Alt jeg skriver er sant
mandag 15. august 2011
Jag behöver dig mer än jag älskar dig och jag älskar dig så himla mycket av Gunnar Ardelius
torsdag 28. juli 2011
Vaffelhjarte av Maria Parr
Eg tymde fyrst min støvel for vatn og så Krølla sine, medan eg spurde Lena om ho hadde eit betre namn på båten. Lena svarta ikkje med det same. Eg trudde nesten ikkje ho kom på noko, men så:
- Sjark.
Noas Sjark skulle det vere, meinte Lena. Alle veit at sjark er ein båt. Ark er noko heilt anna, ark er noko ein teiknar på. Lena sukka oppgitt over dei som hadde skrive Bibelen.
- Sjarkae er ikkje akkurat så store, sa eg.
Lena rista på hovudet.
- Det var nok derfor dinosaurane døydde ut, Trille. Dei drukna. Noa hadde ikkje plass til dei."
Vaffelhjarte handlar om Trille, som eigentleg heiter Theobald Rodrik, men som vert kalla Trille. Han bur i Knert-Mathilde, leikens endelause rike, i lag med mamma og pappa, tre søsken og farfar. I nabohuset bur Lena. Trille veit at Lena er den bestevenen han sin, men han er ikkje sikker på om han er hennar. Me får følgje dei to 9-åringen i gjennom eit år frå jonsok til jonsok.
Trille kan verte så redd at hjarte dunkar så hardt at det gjere ondt. Han seier neste aldri i mot Lena og vert alltid med på dei sprø påfunna hennar. Han kan verte glad heilt ned i vesletåa. Han har ein tante-farmor som lagar dei beste vaffelhjarta i heile verda, og han er så glad i Lena at han ikkje trur han kan leve han heller om noko skulle skje med Lena.
Lena bur med Mamma. Ho har sjølvsagt ein pappa, men ho veit ikkje kven han er. Om dei hadde rydda litt i kjelleren hadde dei kanskje hatt plass til ein, men ho forstår ikkje heilt kva ein brukar dei til. Ho hatar skulen, særleg mattetimene. Ho har stadig nye påfunn som set Knert-Mathilde på hovudet. Lena er alltid skråsikker og ho har hatt hjernerysting eit hav av gonger.
Saman leiker og utforsker dei den lille vika si. Dei er til konstant hovudbry og bekymring for dei vaksne. Vel, for uten om farfar. Han tykkjer for det meste dei er morosame. Livet er meir eller mindre perfekt, men så skjer det som ikkje får skje...
Vaffelhjarte er ei lita bok om venskap, barndomsidyll og kjærleik. Den typen kjærleik som finnes mellom to vener. Ein kjærleik som er dyp og usagt. Ein treng ikkje sette ord på den kjærleiken som finnes mellom barndomsvener. Ein veit den er der. Ein himla fin bok som alle barn og vaksne bør lese (eller få lest for seg). Maria Parr får ein til å le så tårene trillar. Og Trille og Lena er to barn ein ikkje kjem til å gløyme med det fyrste.
"- Farfar, eg saknar så frykteleg, sa eg til slutt og begynte å gråte igjen.
Då såg farfar alvorleg på meg og sa at å sakne folk er den finaste triste kjensla som finst.
- Du forstår, Trille-farr, at om ein er trist fordi ein saknar eit menneske, då betyr det at ein er glad i det menneske. Og å vere glad i nokon, det er det finaste som finst. Dei vi saknar, har vi inni oss. Han slo seg på brystkssa så det small."
mandag 25. juli 2011
A long, long time ago and essentially true
Denne boka har to parallelle handlingar som går føre seg i "gamle" og "nye" Polen. Ein mann med kallenamnet Spurven forelskar seg. Ei jente med kallenamnet Baba Yaga skildrar si oppleving av Krakow. Dette er veldig enkelt fortalt, og høyrest kanskje ikkje så spanande eller annleis ut. Men eg vil at de skal lesa boka og oppdaga handlinga sjølve. Denne boka fortener det.
Nokre minneverdige sitat:
"Anielica watched the figure disappear into the woods, the corners of her mouth creeping upward, cocking the bow that would eventually logde the arrow securely in the Pidgeon's heart."
"A woman's heart is not bought by the currency of a man's emotion for her. A woman's heart is won over by her own feelings for herself when he just happens to be around."
"'Pale chickens!' Anielica whispered, the strongest language she'd ever used."
"[The groom's] face had grown as pale and fragile as the shell of an egg. It would remain like that the entire winter, the color only returning to it (...) when his cheek felt the breath of his first child."
fredag 20. mai 2011
Coraline
Coraline flyttar inn i eit nytt hus saman med foreldra sine. Dei har ikkje så mykje tid til henne, og faren lagar berre merkeleg mat. Ho oppdagar ei dør som ser ut til å vera blokkert av murstein, men når ho er aleine og opnar døra igjen, fører ho til eit rom som er heilt likt det ho kom frå. Ho innser at ho er komen til ein kopi av sitt eige hus. På denne sida er det likevel noko som er annleis. Her er foreldra til Coraline forandra. Dei er glade for å sjå henne, lagar god mat, og smiler endelaust. Coraline er frista til å bli på denne sida...
Boka er skriven av Neil Gaiman, ein veldig dyktig forfattar innan fantasy/sci-fi. Den ser ut til å vera for barn, men er frykteleg skremmande til tider, og med psykologisk vanskelege augneblinkar. For barn frå 12 til 112 år som toler ein thriller og litt "augegreier" er boka absolutt verdt å lesa (og filmen verdt å sjå). Ho er akkurat passe spanande, og veldig lettlest. (Filmen er godt animert og lever opp til dei mentale bileta ein får.) Spanande lesnad, utan at du blir redd for vonde draumar :)
Tätt intill dagarna – berättelsen om min mor av Mustafa Can
«Jag förstår nu allt för väl att det finns hela landskap av mors liv och historia som är otillgängliga för mig. Hur uppriktig hon än hade anförtrott sig åt mig under sina siste månader, hur beredvilligt hon än hade svarat när jag ställde mina frågor skrapade jag bara på ytan till hennes liv. Hon framstår i sin död som en främling.
Jag har älskat en främling.»
Boka handlar om korleis det er å være innvandrer i Sverige på 70-tallet. Korleis det er å skjemmes over foreldre. Korleis ein kan tilgi. Korleis det er å elske bøker. Korleis det er å leve med ei mor som ikkje snakker same språk som ein, med ein mor ein ikkje kan seie det ein ynskjer til av di språket er eit hinder. Korleis det er å elske ubetinga. Korleis det er å miste det kanskje viktigste menneske i eins liv. Can skriv om mor si med slik ein grenselaus kjærleik at ein ikkje kan anna enn å elske ho sjølv om ein aldri har møtt ho. Han tegner eit portrett av eit fantastisk menneske som me alle kan lære noko av. Med humor og kjærleik og eit språk som er så himla vakkert og poetisk skriv han om dei siste månadene med mor si. Om alle dei spørsmåla han vil ha svar på, reflektioner rundt livet han har levd, livet ho har levd. Om korleis han aldri har kjent mor si fullt ut, men likevel kjenner ho. Han forsøker å pussle saman mora si livshistorie. Kven var ho. Korleis vart livet hennar slik det vart? Kva kan han lære av hennar liv?
Skal du berre lese ei bok i år, la det verte denne. Ein ler og gret og ringer mammaen sin for å sei at ein elskar ho. Det er eit litterært mesterverk som sett ord på det så mange alt har oppdaga; Ein kjenner ikkje sine foreldre, ikkje som noko anna enn sine foreldre, og ein kjenner ikkje deira historie, men ein elskar dei meir enn ord kan seie.
«I sitt värnande och vårdande om familjen sprängde hon, till synes omedvetene om det, oegennyttans ramar. Därmed sprängde hon också gränsen för vad en mäniska kan betyda och hur mycket hon kan älskas.»
onsdag 11. mai 2011
Herfra blir du bare eldre av Johan Harstad

“DAGBOKSNOTAT: Har begynt å se på Discovery Chanel, helst om nettene, torsdagens tema: can you separate the buisnessman from the killer, the mailman from the rapist, og videre I hodet mitt, mor fra diktatorfruen, far fra Arkans tigere I Bosnia, til slutt: meg selv fra alle de andre?”
Ei samling prosatekster/noveller. Dei er korte. Dei kortaste berre nokre linjer og dei lengste på to og ein halv side. Harstad brukar få ord og eit enkelt språk for å skildre korte augenblink samstundes som han får deg til å føle at du er hundre prosent til stade i historiene. Denne røynda er og di røynde om berre for nokre minutt. Nokon av historiene er melankolske, andre får deg til å trekke på smilebåndet og nokon er berre herleg ekle og/eller uforståelege.
Paper Towns av John Green

«The way I figure it, everyone gets a miracle. Like, I will probably never be struck by lightning, or win a Nobel Prize, or become the dictator of a small nation in the Pacific Islands, or contract terminal ear cancer, or spontaneously combust. But if you consider all the unlikely things together, at least one of them will probably happen to each of us. I could have seen it rain frogs. I could have stepped foot on Mars. I could have been eaten by a whale. I could have married the queen of England or survived months at sea. But my miracle was different. My miracle was this: out of all the houses in all the subdivisions in all of Florida, I ended up living next door to Margo Roth Spiegelman.»
Quentin Jacobsen har brukt store deler av sitt liv på å elske den eventyrlige Margo Roth Spiegelman på avstand. Ein kveld klatrar ho inn vindauge hans for å dra han med ut på ein rekke eventyr. Dagen etter er ho borte, men ho har lagt att spor. Med dette byrjar Quentin sitt søk etter jenta han elskar. Ikkje berre fysisk, men han leitar og etter kven ho var. Kven var eigentleg jenta han har brukt så mange år på å elske?
«Margo always loved mysteries. And in everything that came afterward, I could never stop thinking that maybe she loved mysteries so much that she became one»
«It is easy to forget how full the world is of people, full to bursting, and each of them imaginable and consistently misimagined.»
Ein herleg bok om å skulle være den ein er eller tilpassa seg omstendigheten. Om korleis me har visse bileter av menneska rundt oss og om korleis ein trur ein kjenner nokon heilt til ein innser at ein ikkje kjente dei i det heile tatt. Ei bok om å lære å leve og å tørre å være.
«Maybe the string brak, or maybe our ship sink, or maybe we're grass – our roots so interdependent that no one is dead as long as someone is still alive. We don't suffer from a shortage of metaphores, is what I mean. But you have to be careful which metaphore you choose, because it matters. If you choose the strings, then you're imagining a world in which you can become irreparably broken. If you choose the grass, you're saying that we are all infinitely interconnected that we can use these root systemt not only to understand one another but to become one another. The metaphors have implications.»
«It is saying these things that keeps us from falling apart. And maybe by imagining these futures we can make them real, and maybe not, but either way we must imagine them. The light rushes out and floods in»


