
Eg fikk ho som ei gåve frå storebror då eg vert nitten. Det viste seg å verte ei av dei største litterære gåvene eg nokon gang har fått.
‘‘You’re 82 years old. You’ve shrunk six centimetres, you only weigh 45 kilos yet you’re still beautiful, graceful and desirable. We’ve lived together now for 58 years and I love you more than ever. I once more feel a gnawing emptiness in the hollow of my chest that is only filled when your body is pressed next to mine.’’
Brev til D er André Gorz sitt opne kjærleiksbrev til kona Dorine. Det er ei historie om ei kjærleik så stor, så nære, så ekte, at ho får Shakespeare til å framstå som Per Pussling. Historia om ein tretti-noko mann som innleder eit forhald til ei fjorten år gamal jente, for så å ta livet sitt etter ei veke, kan virkeleg ikkje måle seg med historia om André og Dorine, som finn kvarandre i Paris, og siden lever resten av sitt liv i lag. Dei lev i ei verd dei sjølv skapar. Dei delar sorger og gleder, store som små. Brev til D er André Gorz sine minner og reflektioner rundt livet dei har hatt i lag og kjærleiken som framleis er der.
‘‘I need to piece together the story of our love to appreciate its full meaning. It’s what has allowed us to become who we are, living through each other and for each other. I’m writing to you now to understand what my life has been, what our life together has meant.’’
Boka er ikkje ei bok ein las på bussen. Då eg fikk ho las eg ho på ein dag. Eg slukte ho, og det har eg gjort mange ganger dei siste 16 månadene. Det ender alltid med at eg gret. Eg gret til det ikkje finnes tårer att. Eg gret for kjærleiken dei i mellom. Eg gret for alt det onde dei går i gjennom. Eg gret for deira skjebene. Eg gret for at dei ikkje er her meir, og gret for alt fint i verda.
Gorz hadde forstått kva det vil seie å gi seg medan du er på topp. Eg er overbevist om at Brev til D er ei av dei venaste bøkene som nokon gang er skrive, og eit år etter ho varte gitt ut, fantes ikkje André meir. Ikkje D heller.

awww...
SvarSlettEg begynte neste å gråte av de korte sitatene fra boken, den hørtes kjempe fin ut <3