fredag 26. november 2010

High Fidelity - Nick Hornby

Denne boka las eg fyrst for nokre år sidan. Så i haust, i samband med jenteprat på kafé, blei eg oppmoda til å lesa ho igjen for å skjøna litt korleis gutar/menn tenkjer. Og eg trur jammen meg det var lurt. Ein bør kanskje ikkje stola altfor godt på romanar når det gjeld psykologi og kjærleiksforhold, men litt? Kanskje?

(No må det nemnast at Marie LaSalle i boka ikkje verkar på LANGT nær så sexy som Marie DeSalle i filmen. Det er kanskje min einaste kritikk. På alle andre måtar føretrekkjer eg boka over filmen, slik det skal vera.)

Det er vanskeleg å omtala denne boka skikkeleg utan å få ho til å høyrast heilt utrøysteleg keisam ut. Så la meg berre seia dette: Boka handlar om kvinner, menn, kjærleik og musikk (hugseregel: kmkm).

Eitt av dei beste sitata kjem nesten heilt i slutten:
"I've been thinking with my guts since I was fourteen, and frankly speaking, between you and me, I've come to the conclusion that my guts have shit for brains.

2 kommentarer:

  1. Dette er en av de første bøkene som jeg fikk anbefalt som jeg tok meg tid til å lese. Og den var verdt det. Det var den, virkelig. Men det er en stund siden, og jeg husker egentlig veldig lite. Jeg lånte boken av den som hadde anbefalt den til meg, men senere kjøpte jeg boken selv bare for å ha den i bokhyllen. Kanskje jeg budre ta den ut og lese den igjen. Muligens, kanskje jeg forstår mer av den.

    SvarSlett
  2. Ja, lurt! Eg skjønte eg mye mer denne gangen sjøl. Bra bok - noge eg kanskje ikkje heilt får fram i innlegget, men men :P

    SvarSlett