«Kor store sjansar er det for å oppdage noko heilt essensielt om mennesket ved å reise til ein stad og berre sitje og observere folk i til dømes femti timer? Kanskje ikkje så veldig store sjanser, men det er verdt eit forsøk.»
Stillstand er fyllt med ein stor dose sjølvironi og humor. Ravatn drar til stader kor det tilsynelatene ikkje skjer noko som helst, bla; eit kloster, eit treningsstudio, ein rettsal. Ho snik på bergensbanen, stirrar på eit maleri i to timer og går på same forelesning i ex-phil to gonger. Ho skriv om det som skjer, eller ikkje skjer. Ho skriv med ein forakt for verda, og likevel kan ho stundom ta verda på kornet. Livet vert framstillt som grått og trist. Kjedelig og rutinelagt. Ho passar perfekt på dei dagane ein ikkje har mykje til overs med samfunnet og menneskeætta forøvrig. Ein kan enten lese heile boka i ett, eller kvar historie for seg når ein tykkjer det passer.
«Ei kvinne skrått overfor meg som har sete og sykla ei stund, ser ut som ho har meir lyst til å føreslå at me alle saman skal gjere kollektivt sjølvmord enn å sykle ein kilometer til. Eg ville ha vurdert å hive meg på, hadde det ikkje vore for at eg veit at eg ikkje skal tilbake hit.»
Den boken var veldig forstyrrende, sånn typografisk sett. Alt er plasert i miten bortsett fra Stillestand. Men det er vel gjort med vilje. Alikvell, litt forstyrrende.
SvarSlettBoken hørtes også spennende ut, høre hvordan kjedelige ting kan bli sett på og beskrevet :)