onsdag 11. mai 2011

Will Grayson Will Grayson av John Green og David Levithan

«

When I was little, my dad used to tell me, "Will, you can pick your friends, and you can pick your nose, but you can't pick your friend's nose."

»


Will Grayson Will Grayson handler om nett det, Will Grayson og Will Grayson. To tenåringar med same namn. Dei treffer kvarandre tilfeldig ein vinterkveld i Chicago. Båe er forelska. Ein i Jane, den andre i Isaac. Dei treffes der, pratar og lev vidare. Me lærer å kjenne dei. To ganske ulike liv, med eit namn som fellesnemner. Etterkvart og Tiny. Tiny har eigentleg berre ei birolle i boka, men stundom kan ein tru det er han som er hovedpersonen. Tiny er ikkje liten, verken fysisk eller i form av personlighet.

«

Tiny Cooper is not the world's gayest person, and he is not the world's largest person, but I believe he may be the world's largest person who is really, really gay, and also the world's gayest person who is really, really large

».


Det er ei bok om venskap og kjærleik. Forventningar og svik. Korleis ein sårar kvarandre og korleis ein vert vener att. Ei bok om kva ein gjer for dei som tydar mest i livet. Kor langt ein er villig til å gå for kjærleik av alle slag. Ikkje minst ein bok om verdas heftigste musikal.


«

this is why we call people exes, i guess -- because the paths that cross in the middle end up separating at the end. it's too easy to see an X as a cross-out. it's not, because there's no way to cross out something like that. the X is a diagram of two paths.

»

«when things break, it's not the actual breaking that prevents them from getting back together again. It's because a little piece gets lost – the two remaining ends couldn't fit together even if they wanted to. The whole shape has changed.»


ps: alle burde ha ein Tiny.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar