tirsdag 21. februar 2012

Kjerringer av Helen Uri

I kjerringer møter me fire damer midt i livet. Dei kjeme frå ulike bakgrunner og lever ganske ulike liv. Det som knyttar dei saman er eit latinkurs. Det tar det ikkje lang tid før dei innser at dei alle har menn i livet som ikkje er så greie å ha med å gjere. Saman tar dei opp kampen mot kvardagssjovinismen. Den kåte sjefen som aldri respekter sine kvinnelege ansatte, men som ikkje har noko i mot å ta æren for deira arbeid. Menn som indirekte sørger for at menn har flest goder i firmaet. Den ansatte som via hersketeknikker og andre teknikker forsøker å sverte sin eigen sjef. Sjukeheimleiaren som meiner at døtre sjølv får ta vare på sine gamle foreldre. Hevnaksjoner vert planert og utført, med ein god dose humor. Som dei sjølv seier, dei går ikkje etter menn som hater kvinner, det får politiet gjere, nei dei går etter menn som foraktar kvinner.

Ein kan ynske det var sant, at det var ein kvinneliga der ute som gikk etter drittsekkene. Uri skal og ha ros for at ho har med Anders, som i boka vert symbolet på den gode mannen. Ikkje alle er drittsekker. Berre nokre. Dermed er det ikkje ei bok som oppmaner til mannehat. Boka kansjølvsagt problematiseres. Synspunkter og handlinger osb. Eller ein kan gjere som eg gjorde, berre skite i det og kose deg med smarte, underhaldene damer som tyr til handling. Ein godt innpakka dose med feminisme, blanda med latinleksjoner.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar