torsdag 15. mars 2012

Leseliste

Etter å ha rydda i bokhyllene har eg kome fram til at eg ikkje har lest mange nok av bøkene mine og at eg har mange eg kunne tenke meg å lese om att. Så då treng eg ei liste. Siden eg ikkje liker å berre lese ein og ein, men heller fleir samstundes, har eg aldri verte heilt fortrueleg med den tradisjonelle lista. Etter å ha kome over den her på veven, fann eg ut at eg kunne bruke same prinsipp på ei leseliste. På ein haug med post-it lappar skreiv eg opp bøkene eg vil lese i første omgang, så klistra eg dei i rutene. Når eg har lest ferdig ei bok, drar eg ho av, og ser kva neste bok er. Når eg er ferdig med alle bøkene, gjer eg det same om att. Eg må få seie at eg er rett så nøgd. Endeleg ei liste som passar perfekt for meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar