
Møt Miles Halter. Seksten år, venelaus og opprineleg frå Florida, USA. Han hugser kjende mennesker sine siste ord. Han les biografier i plassen for skjønnlitterær verk, og han byrjar bakerst i boka. Francois Rablelais siste ord var; «I go to seek a Great Perhaps». Miles ynskjer ikkje å vente til han døyr før han leitar etter the Great Perhaps. Av den grunn veljer han å dra på kostskule i Alabama. Der treffer han både sin første ven; Chip, aka the Colonel, og jenta han mistar hjarte sitt til; Alaska. Saman utforskar dei livet på godt og vondt.
Eg veit ikkje korleis eg skal beskrive kva følelser boka bringe fram. Eg veit ikkje korleis eg skal gi folk lyst til å lese ho. Eg har ikkje orda eller evnen til å formulera dei, alt eg kan sei er at boka ikkje er lett å legge i får seg, og som resultat sat nokon oppe heile natta og las, og gikk først å la seg då andre stod opp for å gå på jobb og skule. Ho er vel skrive, så morosam at ein ler høgt og så trist at ein gret i stride strømmer.
Det er den beste boka eg har lest i år.
Berre les ho.
awww (:
SvarSlettDen hørtes immari fin ut!