tirsdag 15. mars 2011

The perks of being a wallflower


Dette er ei sånn bok der du kan "klippa ut" eit tilfeldig utdrag frå boka og det du finn er garantert fint.

Boka handlar om Charlie, ein roleg gut som er vand med å observera, men som er i ferd med å læra kva det vil seia å leva. Det er mykje han ikkje skjønar, men han oppdagar etter kvart at der er menneske rundt han som ynskjer han det beste og som har mykje å læra han. Han går gjennom dei tinga ein må gjennom for å skjøna korleis det heng saman.

Dette er ei sånn bok der du skjønar kva han meiner. Ei sånn bok som er vond og god på same tid. Ei sånn bok som vekker deg og gir deg ein trong til å fortelja ein god ven kor takknemleg du er for at han eller ho finst. Ei sånn bok der du har klump i halsen gjennom heile, men kanskje aldri gret, for det er ikkje dramatisk nok til det. Det er berre det det er. Å lesa denne boka er litt som å sitja i stova når det stormar ute. Du skjønar alvoret av stormen, fordi du har vore ute i ein heilt lik storm sjølv. Men du kjenner stormen i brystet og i magen i staden for på huden og i håret.

And at that moment, I swear we were infinite.

1 kommentar: