onsdag 15. februar 2012

The hunger games

Denne boka (/denne bokserien) er ikkje så kjend i Noreg enno, men eg har sett/høyrt mange referansar til henne på youtube og andre stader på Internetten. Alle nerdane og bokelskarane snakkar om henne. Det er kanskje særleg fordi filmen kjem på kino i år. Så eg tenkte som boknerdar flest: Eg må skunda meg og lesa boka før filmen kjem og alle her òg snakkar om den!

Hovudpersonen i boka er 16 år gamle Katniss, som kjem frå District 12, det fattigaste distriktet i Panem (ein framtidsdystopisk versjon av USA, trur eg). Kvart år blir distrikta straffa av hovudstaden ved at dei må trekka ut éin gut og éi jente som må delta i The hunger games, ei drep-eller-bli-drepen-turnering. Det er altså 24 deltakarar kvart år, og berre éin vinnar. Dette året melder Katniss seg frivillig til å delta i staden for veslesøstera. Guten som blir trekt ut er Peeta, som tilsynelatande startar sin kamp for sponsorgåver ved å erklæra på nasjonal kringkasting at han er forelska i Katniss. Så startar spelet.

Visstnok liknar denne boka mistenkeleg på den japanske Battle Royale, men det verkar som den kanskje er hakket meir grusam. The Hunger Games er ei Young Adults-bok og filmen får visst 13 års-grense i USA, og dette meiner eg er ganske rimeleg. Det er ein god del fokus på kampen for å overleva, og berre nok fokus på det psykologiske til at ein tenkjer "dette er ganske frykteleg, men fytti så spanande". Ein blir ikkje like nedstemt som av til dømes 1984. Likevel er det mykje ein byrjar å tenkja over, som korleis ein sjølv ville oppført seg i ein slik situasjon og korleis det eigentleg vil kjennast å vinna spelet.
Eg er nysgjerrig på kva dei neste bøkene kjem til å handla om!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar