søndag 9. september 2012

The Princess Bride

The Princess Bride har i mange år vore ein av favorittfilmane mine, og i sommar fekk eg meg endeleg til å lesa boka. No er ho ei av favorittbøkene mine.

Alt ved dette eventyret er magisk og nydeleg. Det er ei kjærleikshistorie, og kan verka litt "jentete" (utan at eg likar den termen) særleg på grunn av tittelen og innleiinga (med obligatorisk forelsking og sussing). Men det utviklar seg til å bli mykje meir enn ei kjærleikshistorie, med slossing, tortur, hevn, skumle vesen, og mange andre spenningsmoment. Difor kan eg anbefala denne boka til venner av alle slag.

(Det er kanskje litt klisjé å ha ei pen dame som må reddast av modige menn, men det er den einaste svakheita. Buttercup er til tider litt feisty på sin eigen måte, og det gjer damsel-in-distress-greia bittelitt mindre irriterande. Ein må jo òg berre ta eventyret for det det er.)

Somme av personane i dette eventyret er forøvrig så fantastiske at du kjem til å ønskja du kunne vera med i gjengen deira. Særleg Fezzik og Inigo. <3 Dialogen deira får meg ofte til å le høgt. Boka er i det heile tatt skrive så godt at eg sit og smiler, ler, held pusten, lagar grimasar, klynkar osb.

Eg føler ikkje eg gjer boka justice med denne omtala, så berre les henne, peeps. De kan låna henne av meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar