fredag 20. mai 2011

Tätt intill dagarna – berättelsen om min mor av Mustafa Can

«Jag förstår nu allt för väl att det finns hela landskap av mors liv och historia som är otillgängliga för mig. Hur uppriktig hon än hade anförtrott sig åt mig under sina siste månader, hur beredvilligt hon än hade svarat när jag ställde mina frågor skrapade jag bara på ytan till hennes liv. Hon framstår i sin död som en främling.

Jag har älskat en främling.»


Boka handlar om korleis det er å være innvandrer i Sverige på 70-tallet. Korleis det er å skjemmes over foreldre. Korleis ein kan tilgi. Korleis det er å elske bøker. Korleis det er å leve med ei mor som ikkje snakker same språk som ein, med ein mor ein ikkje kan seie det ein ynskjer til av di språket er eit hinder. Korleis det er å elske ubetinga. Korleis det er å miste det kanskje viktigste menneske i eins liv. Can skriv om mor si med slik ein grenselaus kjærleik at ein ikkje kan anna enn å elske ho sjølv om ein aldri har møtt ho. Han tegner eit portrett av eit fantastisk menneske som me alle kan lære noko av. Med humor og kjærleik og eit språk som er så himla vakkert og poetisk skriv han om dei siste månadene med mor si. Om alle dei spørsmåla han vil ha svar på, reflektioner rundt livet han har levd, livet ho har levd. Om korleis han aldri har kjent mor si fullt ut, men likevel kjenner ho. Han forsøker å pussle saman mora si livshistorie. Kven var ho. Korleis vart livet hennar slik det vart? Kva kan han lære av hennar liv?

Skal du berre lese ei bok i år, la det verte denne. Ein ler og gret og ringer mammaen sin for å sei at ein elskar ho. Det er eit litterært mesterverk som sett ord på det så mange alt har oppdaga; Ein kjenner ikkje sine foreldre, ikkje som noko anna enn sine foreldre, og ein kjenner ikkje deira historie, men ein elskar dei meir enn ord kan seie.


«I sitt värnande och vårdande om familjen sprängde hon, till synes omedvetene om det, oegennyttans ramar. Därmed sprängde hon också gränsen för vad en mäniska kan betyda och hur mycket hon kan älskas.»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar