fredag 20. mai 2011
Coraline
Coraline flyttar inn i eit nytt hus saman med foreldra sine. Dei har ikkje så mykje tid til henne, og faren lagar berre merkeleg mat. Ho oppdagar ei dør som ser ut til å vera blokkert av murstein, men når ho er aleine og opnar døra igjen, fører ho til eit rom som er heilt likt det ho kom frå. Ho innser at ho er komen til ein kopi av sitt eige hus. På denne sida er det likevel noko som er annleis. Her er foreldra til Coraline forandra. Dei er glade for å sjå henne, lagar god mat, og smiler endelaust. Coraline er frista til å bli på denne sida...
Boka er skriven av Neil Gaiman, ein veldig dyktig forfattar innan fantasy/sci-fi. Den ser ut til å vera for barn, men er frykteleg skremmande til tider, og med psykologisk vanskelege augneblinkar. For barn frå 12 til 112 år som toler ein thriller og litt "augegreier" er boka absolutt verdt å lesa (og filmen verdt å sjå). Ho er akkurat passe spanande, og veldig lettlest. (Filmen er godt animert og lever opp til dei mentale bileta ein får.) Spanande lesnad, utan at du blir redd for vonde draumar :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar