søndag 22. januar 2012

100 åringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant av Jonas Jonasson

100 åringen i boka er Allan Karlsson. På sjølve fødselsdagen, ikkje lenge før dei skal ha selskap på gamleheimen, kjenner Allan at han ikkje gidder meir. I og med at han er hundre år konkluderar han med at han ikkje har noko å tape. Ut av vindauge klatrar han, og dette er byrjinga på eit fantastisk eventyr som innebærer ein trillekoffert, ein narkobande, ein småkriminell pensjonist og ein elefant. Parallelt med historien om Allan i notid får me også ta del i Allan sin livshistorie. Frå han vart fødd på eit lite småbruk, til ein kommunistisk far og ei sjølvstendig mor, på den svenske landsbygda, videre rundt heile kloden og tilslutt tilbake til Sverige. Boka er hysterisk underhaldane og latteren sitter laust når ein les ho.

Lett lest og morosam er alltid ein god kombinasjon.

Dette er Jonasson sin fyrste bok.

1 kommentar: