Dette er ei non-fiction-bok om ei kvinne som forkler seg som ein mann i eitt år, og flyttar til nye stader og møter nye menneske som mann. Ho blir med i ei bowlingforeining, går på strippeklubbar, tilbringer ein periode i kloster osb. Ho ønskjer å sjå korleis menneske kommuniserer med henne og behandlar henne når dei trur ho er mann, og òg korleis dette endrar seg når ho avslører seg for dei ho har blitt kjend med.
Denne boka inneheld mange særs interessante observasjonar om menn og mannlegheit, og er ein fin stad å starta viss ein vil lesa noko ikkje altfor akademisk eller überfeministisk om kjønn. Vincent oppdagar til dømes at menn òg snakkar om kjenslene sine, og har sine eigne måtar å vera nære og kameratslege på.
Eg har ambisjonar om å skriva noko meir utfyllande og vettugt om denne boka i tidsskriftet Mål og Makt, så om de abonnerer får de følgja med, og om de ikkje abonnerer bør de kanskje vurdera det, og om de ikkje vil abonnera bør de kanskje vurdera å iallfall kjøpa det neste nummeret ;)

Denne føres definitivt opp på listen over bøker som bør leses!
SvarSlett